Molden

Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, blir det ofte sagt om Molden. Her har du utsikt til fjorden i alle retningar.

Den som vil bruka dagen på ein fin fjelltur, bør velja Molden (1.116 moh). Utsynet derifrå er eineståande både utover og innover fjorden og mot toppar og brear i alle retningar.

Dei fleste vil bruka 2-3 timar frå parkeringsplassen til toppen. Om du kjem frå Luster Fjordhytter, følgjer du fylkesveg 55 forbi Gaupne og totalt ca. 15 km til skilt "Mollandsmarki" viser at du skal ta av til venstre. Vegen fører opp til Krossen, der det er parkeringsplass i rundt 500 meters høgde. Vidare er stien tydeleg merkt opp til toppen.

Nyt ein finversdag her, og ta det med ro og sjå deg om. Du vil bli imponert!

Andre aktiviteter

Lustrafjorden

Lustrafjorden er en ca. 40 kilometer lang arm av Sognefjorden i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Molden

Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, blir det ofte sagt om Molden. Her har du utsikt til fjorden i alle retningar.

Kajakk

Lustrafjorden kan sjølvsagt nytast frå land men også frå kajakk, følelsen av mektige fjell og vakker fjord vil du uansett få.

Båtutleie

Med egen motorbåt kan du nyte fjorden helt på egen hand.

SUP

Lustrafjorden kan sjølvsagt nytast frå land men også frå SUP, følelsen av mektige fjell og vakker fjord vil du uansett få.

Jostedalen

Med sine 500 km2, er Jostedalsbreen den største isbreen på det europeiske fastlandet.