Velkommen

Har du høyrt om dei unike norske fjordane? Er du interessert i nasjonalparkar, eller likar du å besøka attraksjonar som står på UNESCO si verdsarvliste? Om svaret er ja, bør du planleggja ein tur til Luster, som har alt dette og mykje meir å by på!

Luster Fjordhytter kan gje deg overnatting i enkle og komfortable hytter heilt nede ved fjorden, med eit praktfullt utsyn. Frå hyttene kan du ta dagsutflukter i alle retningar, nyta fjord- og fjellnaturen, studera kulturminne, gå til brear og toppar, bada i fjorden eller i moderne badeanlegg og berre slappa av utan stress og mas.

Studer gjerne nettsidene våre og ta kontakt for bestilling av eit opphald, kort eller langvarig!

Luster Fjordhytter har i tillegg til hyttene eit selskapslokale til utleige som rommer inntil 40 personar. Skal du reisa med ei gruppe, feira ein stor dag, ha eit møte eller eit seminar i arbeids- eller fritidssamanheng, lagar me gjerne eit opplegg der du disponerer selskapslokalet, får servering og leiger hytter etter behov.

Velkomen skal du vera!

Stein Bugge Næss
- Eigar og vert -