Hyttene

Utleigehyttene

Mange har nok sett både større og finare hytter, men dei fungerer godt, og erfaringa tilseier at gjestene uansett nyttar det meste av tida si i Luster til å sjå seg om på alle attraksjonane området har å by på, og ikkje til å liggja inne på hytta heile dagen. Dei fleste tek korte dagsturar til fjord, dal, fjell og bre, men nokre finn på å reisa med bilen langt inn i Jotunheimen, til turistmagneten Geiranger, til Flåm for å følgja den berømde jernbana der eller heilt til byen vår, Bergen, som ligg vel fire timars køyring og 260 kilometer unna ute mot kysten.

Alt dette kan gjerast på ein lang dagstur, og dagane er både lange og lyse i Norge om sommaren!

Hytteanlegga ligg 60-70 meter frå kvarandre med ein vakker strandpromenade med benker mellom. Frå benkene kan ein nyta utsynet til, og høyra dundringa frå ein av landets høgaste og finaste fossar - Feigefossen - som ligg rett over på andre sida av fjorden og kastar seg loddrett 218 meter ut frå dalen over.

Eit selskapslokale over resepsjonen kan leigast om ein er ei større gruppe og har lyst å samlast. Om de ikkje lagar maten sjølve, kan de berre spørja vertskapet om eit cateringopplegg i dette lokalet.