Vertskapet

Luster Fjordhytter

Langs Lustrafjorden, og berre femten kilometer frå inste enden ligg Høyheimsvik med Luster Fjordhytter heilt nede ved strandkanten. Det er ei fredleg lita bygd med rundt 200 innbyggjarar. Eigedommen ved fjorden kjøpte oldefar til noverande eigar alt i 1885. Både sonen hans, barnebarnet og oldebarnet som driv no, hadde butikk og dampskipsekspedisjon, og i si tid var det både sagbruk og bakeri på staden. Dessutan var det eige postkontor her. Men tidene skifter, og det var noverande eigar som såg at plassen eigna seg for turisme, og at ei tomt heilt i strandkanten var attraktiv for hytteutleige.

I 1987 var dei åtte første hyttene klare for utleige, og sju år seinare vart fire nye hytter tekne i bruk. I tillegg vart det bygd eit resepsjonsbygg med fellesrom til utleige, ferdig i 1996. Framleis er det kvite hovudhuset frå 1905, bygd i sveitserstil hovudattraksjonen i tunet. Huset vart bygd til butikk og postkontor med plass for familien til å bu i andre høgda. Seinare er huset ombygd i takt med skiftande tider. Kaien og lagerhusa er i bruk for å forsyna gardbrukarane i Luster med driftsmiddel som kraftfor og gjødsel.


Vertskapet

Luster Fjordhytter har alltid vore styrte av Stein Bugge Næss, som er fødd og oppvaksen på plassen. Han har økonomisk utdanning og var ein del år lærar i handelsfag før han overtok butikken etter faren og bestefaren. Først bygde han ny butikk i 1980 og deretter kom tanken om hytter til turistutleige. Med tolv hytter bygde frå 1987 til 1994 har anlegget no heile 60 gjestesenger. Med seg i arbeidet har Stein kjærasten Rita, som elles i året er lærar. I turistsesongen tek ho seg av hytterydding og klesvask og sørgjer for at det blomstrar fint og er ryddig rundt hytter og hus.