Her er me

Geografi

Besøker du Norge og Vestlandet, er det naturleg å gjera seg kjend langs ein av dei lange fjordane som stikk inn frå kysten. Den aller lengste er Sognefjorden, som er meir enn 200 kilometer. Nesten heilt inne i enden av denne, i ein sidearm som heiter Lustrafjorden, finn du den vide kommunen Luster med sine 5000 menneske fordelt på 2700 kvadratkilometer.

Luster er ein nasjonalparkkommune, med delar av tre nasjonalparkar innanfor grensene. Jostedalbreen Nasjonalpark omfattar den største isbreen på det europeiske fastlandet. Jotunheimen Nasjonalpark dekker det høgaste og villaste fjellområdet i Norge, og midt mellom finn me Breheimen Nasjonalpark med imponerande dalar, fossefall, vidder og mange mindre brear.


Korleis komma til Luster

Er du i Oslo, hovudstaden vår, tek det rundt seks timar effektiv køyring for å koma til Høyheimsvik kortaste vegen. Då tek ein seg nordover til Hønefoss og Gol, over Hemsedalsfjellet til Lærdal og ferjeleiet Fodnes. Kryssinga av Sognefjorden tek eit lite kvarter, og i Sogndal svingar ein av til høgre på fylkesveg 55. Ved å følja denne 36 kilometer er ein i Høyheimsvik på ein halvtime frå Sogndal.

Litt lengre er det om ein vel vegen om Fagernes og Valdres, men det er berre snakk om minuttar. Alternativt kan ein her køyra ned til Øvre Årdal og ta Tindevegen (bomveg) over fjellet til Turtagrø - ein flott fjellovergang i godver. Frå Turtagrø køyrer ein ned til inste enden av Sognefjorden, og denne siste etappen mot Høyheimsvik tek halvtimen.

Flottast er det kanskje å ta turen via OL-byen Lillehammer og opp Gudbrandsdalen til Lom og derifrå over vår høgstliggjande turistveg - Sognefjellsvegen. Totalt er denne dagsturen på rundt 450 kilometer, og ein må berekna heile dagen. Utsynet oppe på høgfjellet er fabelaktig!

Elles kan ein koma innover i fjordane frå Bergen på 4-5 timar, og frå Trondheim, vår tredje største by, tek det 6-7 timar via Otta og Gudbrandsdalen. Frå kystbyane mellom Bergen og Trondheim fører fleire spanande vegar sørover og inn i landet. Trafikken er ikkje stor, og det er lett å ta seg fram, så studer berre kartet og planlegg godt!


Nyttige nettsider

Luster kommune www.luster.kommune.no
Lustrabadet www.lustrabadet.no
Jostedalen www.Jostedal.com
Jostedal breførarlag www.bfl.no
Jotunheimen www.visitjotunheimen.com
Flåm/Flåmsbana www.flam.no
Sognefjorden www.sognefjord.no
Geiranger www.geiranger.no