Sognefjellet

I godver er området rundt Sognefjellsvegen eit eldorardo for den som likar seg på høgfjellet med toppar og tindar, vatn og brear rundt på alle kantar.

Frå Luster Fjordhytter køyrer du fylkesveg 55 forbi Skjolden og Fortun før stigninga opp til heile 1.430 meter. Mange vil hevda at dette er Norges flottaste høgfjellsovergang.

Det er hotell og turisthytter langs vegen, der ein kan kjøpa seg mat, og fotturane ut frå bilvegen kan ein gjera korte eller lange etter eige ønskje.