Selskapslokale

I tilknyting til hyttene - i andre etasje over resepsjonen - har Luster Fjordhytter eit selskapslokale som kan leigast ut til alle som er interesserte. Der er eit lite kjøkken med kokeplater og kjøleskåp og fullt utstyr til å dekka på til vel førti gjester. Lokalet har musikkanlegg og tilgang til datamaskin og prosjektor. Alle vegger er dekorerte med naturbilete frå fjella i Luster.

Berre ta kontakt om du har bruk for møterom eller du skal feira fødselsdag, dåp eller konfirmasjon. Det er fleire cateringfirma i området, og me kan hjelpa til med å bestilla matservering.