|
Luster og Høyheimsvik ligg lengst inne i den 200 kilometer lange Sognefjorden. Fire timar frå Bergen og seks timar frå Oslo eller Trondheim med bil, finn du dette hytteanlegget midt i mellom Jotunheimen og Breheimen. Her kan du stoppa over natta eller planleggja eit lengre opphald med dagsturar i eit spanande landskap. Treng du eit opplegg utanom det vanlege for ei gruppe, anbefaler me spesielt mai og første halvdel av juni med flotte skiturar i høgfjellet, full vår og fruktblomstring i bygdene og friskt badeliv i ein solblank Sognefjord.
|
|
|
Post adresse: Luster Fjordhytter 6875 Høyheimsvik |
Telefon:
57 68 65 00 Telefaks: 57 68 65 40 |
|
| Email: stein.naess@luster-fjordhytter.com | ||