Molden

Den som vil bruka dagen på ein fin fjelltur, bør velja Molden (1.116 moh). Utsynet derifrå er eineståande både utover og innover fjorden og mot toppar og brear i alle retningar.

Dei fleste vil bruka 2-3 timar frå parkeringsplassen til toppen. Om du kjem frå Luster Fjordhytter, følgjer du fylkesveg 55 forbi Gaupne og totalt ca. 15 km til skilt "Mollandsmarki" viser at du skal ta av til venstre. Vegen fører opp til Krossen, der det er parkeringsplass i rundt 500 meters høgde. Vidare er stien tydeleg merkt opp til toppen.

Nyt ein finversdag her, og ta det med ro og sjå deg om. Du vil bli imponert!