Mørkridsdalen

Ved inngangen til Breheimen nasjonalpark finn me ein av dei finaste dalane på Vestlandet, Mørkridsdalen. Det er vel verdt å nytta ein dag i dette området, enten du vel å gå innover i dalføret eller du går den bratte stien opp til Åsetvatnet, som ligg 838 meter over havet.

Den flate dalen er idyllisk, med ei brusande elv, med sjarmerande småvatn og med stølar på begge sider heile vegen framover. Om du går fram til Dalen, så treng du mykje av dagen. Det same gjeld om du går opp til Åsetvatnet og stølen og hyttegrenda Osen.

Er du skikkeleg sprek, kan du gå langs vatnet til Åsete og Fast, der Den Norske Turistforening har ei av sine sjølvbetjente hytter. Det er stor og fin aure i vatnet, og den som har kjøpt fiskekort på Skjolden, kan prøva fiskelukka her.

Frå Luster Fjordhytter svingar du nord-austover langs fylkesveg 55 til Skjolden og vidare til venstre på smalare veg innover Mørkridsdalen. Om du vil gå i dalføret, køyrer du på same sida av elva til vegen stansar. Har du lyst å gå opp til Åsetvatnet, må du kryssa over bru etter 4-5 kilometer frå Skjolden og parkera på anvist plass. Raude T-ar viser vegen oppover.