Hytte 9-12

Hyttene frå 9 til 12 er noko større og ligg på bakkenivå. Ein kjem inn i ein gang med soverom for to på eine sida og dusj/WC på den andre. Ut mot fjorden er det kombinert stove og kjøkken, og går ein vidare ut på verandaen, kan ein hoppa rett uti Lustrafjorden! Frå stova er det trapp opp i andre etasje, der det er soverom med ei dobbeltseng og ei enkeltseng. Her har gjestene om lag 45 kvadratmeter totalt til disposisjon.

Hyttene er vinterisolerte og oppvarma elektrisk, så om du har lyst til å prøva eit vinteropphald, er du hjarteleg velkomen! For dei som likar snø og ski, har me eit eldorado rundt oss. Om vinteren er Sognefjellsvegen stengd ved Turtagrø, så då må ein koma og reisa att same vegen. Første mai blir vegen brøyta opp kvar vår, og det ser me alltid fram til. Langs vegen og opp til toppane er det nok snø og godt skiføre til langt ut i juni og ofte lenger! Tenk å gå på ski i steikande sol om dagen, for så å ta eit friskt førsommarbad i fjorden ved hyttene i kveldinga!