Fanaråken

Dette fjellet på 2.068 meter gir kanskje det aller flottaste utsynet til resten av Jotunheimen, med sine meir enn to hundre toppar over 2.000 meter. Den Norske Turistforening har ei betjent hytte på toppen, så ein kan gå inn for å kvila og få seg mat.

Turen opp frå Turtagrø er krevjande, så det er viktig at ein er i god form og kan tola ei stigning på nær 1.200 høgdemeter, delvis i stein og ur.

Fanaråken er omgitt av skodde meir enn 300 dagar i året, så pass på å ta turen ein solskinsdag!

Frå Luster Fjordhytter køyrer du fylkesveg 55 til Skjolden og vidare opp til hotellet i Turtagrø, der det er god parkeringsplass. Raude T-ar viser stien mot Fanaråken.