Båthamn

I 2014 fekk Høyheimsvik si eiga båthamn eller marina. I denne har Luster Fjordhytter fleire robåtar liggjande til fri disposisjon for gjestene.

Du kan ro, fiska eller om veret er fint, ro dei 2,5 kilometrane over til andre sida av fjorden og gå opp til Feigefossen, som er imponerande på nært hald med sine 218 meter fritt fall.

Om du har med eigen båt, skal me prøva å finna ein sikker plass til denne.

Ellers ligg det ei badebrygge ute på fjorden framfor hyttene som du kan nytta om det er finver og god temperatur i sjøen. Vanlegvis er det mellom 15 og 20 grader i vatnet, men etter langvarig varme kan det koma opp i 22-23 grader!