Aktivitetar

Lokale dagsturforslag

For dei som vil vera på Luster Fjordhytter nokre dagar, ei veke eller kanskje meir vil eigaren, Stein Bugge Næss, som heile livet har vore ein ivrig frilufts- og fjellmann føreslå nokre flotte dagsturar.

Aktivitetar

Dei som ferierer med Luster Fjordhytter som base, ser ut til å ha nok å fylla dagane med. Dei fleste vel å ta bilturar langs fjorden, i dalane og opp i fjella. Naturen imponerer dei fleste.

Luster og bygdene rundt har elles mykje å visa fram av kulturhistorie. Mange har høyrt om Urnes stavkyrkje, som er den eldste i landet (frå ca. 1130), som ein kan sjå frå hyttene og som ein kan køyra bil til og laga ein rundtur ved å ta ferje over fjorden ved Solvorn. Det er elles mange idyllar på sørsida av Lustrafjorden, og strekninga blir av mange kalla "den romantiske vegen".

Om du oppheld deg meir enn ein dag i Luster, er ein dagstur til Jostedalen med sine flotte brear noko du må få med deg. Om du vil koma nær breen, vel du bomvegen innover mot Nigardsbreen, der du med båt kan koma nesten heilt inn til iskanten. Utan førar kan du gå opp til brefronten og ta på "den evige isen". Har du lyst til ein tur innover Nigardsbreen, står mange breførarar klare til å hjelpa deg. For mange blir denne brevandringa eit minne for livet! Nabodalføret Krundalen kan og anbefalast. Der heng Bergsetbreen ned frå hovudbreen og ein kan gå i lett terreng fire-fem kilometer innover mot breen.

Er du glad i friluftsliv og likar å gå turar, har Luster uendeleg mykje å by på. Nasjonalparkkommunen med tre nasjonalparkar innanfor grensene har djupe dalar med brusande elvar, fjellvidder som er lette å ta seg fram på, mange høge fossefall, fine stølsidyllar og mange høgdegardar, der ein knapt kunne tru at folk kunne livnæra seg. Dei høgaste fjella i Norge finn du ved Sognefjellsvegen, der den spissaste og høgaste toppen er Store Skagstølstind med sine 2.405 meter.

Om du vel å ta dagsturar ut av kommunen, kan ein fottur til Galdhøpiggen, det høgaste fjellet i landet, vera eit fint turmål for dei spreke. Biltur til Geiranger, den mest kjende av turistbygder i landet, kan og gjerast på ein lang dag. Flåmsbana er det mange som har høyrt om. Denne 20 kilometer lange og bratte sidebana til Bergensbanen har vorte ein stor attraksjon, og til Flåm kjem det kvar sommar meir enn 150 digre cruisebåtar, og til saman har dei fleire hundre tusen turistar ombord. På dagar med cruiseskip ved kai er det eit yrande liv i den vesle bygda. Ein båttur på Nærøyfjorden - som står på UNESCO si verdsarvliste - er ei stor oppleving som mange unner seg.

Endå til Bergen, som alltid har vore byen for folket i Sogn kan ein nå om ein nyttar dagen godt. Bilturen frå Luster tek 4-5 timar kvar veg. Lettare, og kanskje meir interessant er det å ta hurtigbåt frå Leikanger tidleg om morgonen. Då kan ein vera midt i byen kl. 11.30 og treng ikkje å gå om bord på båten tilbake før kl. 16.30. Nesten ein heil dag i Bergen, og likevel er ein attende i Høyheimsvik rundt kl. 22 om kvelden!